Hekta etter to dykk
våtdraktene.- Du kjenner ikkje kor kaldt det er i vatnet når du har våtdrakt på, forsikrar Rolf Asgeir, som nett har fått hjelp frå mamma Hege til å koma seg i drakta. Det er viktig at våtdrakta sit tett inntil kroppen, så både såpevatn og handemakt må til før overdelen kjem på plass. - Det er litt styr når ein skal kle seg, men så kan ein ha det kjekt i fleire timar i vatnet etterpå, forsikrar Rolf Asgeir frå Brekke. Både han og broren Jan Magnus har fått seg våtdrakter t til jul. Interessa har dei plukka opp gjennom mamma, Hege Botnen, som har fridykka i nokre år. - Eg har alltid likt å snorkla, og ville gjerne læra litt meir og koma meg litt djupare. Difor tok eg kurs gjennom Bergen og omegn fridykkarklubb, fortel ho.

