og slek går no dajane..
Møtte tilfeldigvis Kjersti i Solund, så det var jo litt kjekt:) Eg drog òg for første gong i mitt liv på meg ei dykkerdrakt/våtdrakt/tørrdrakt (lærer aldri), og prøvde meg på litt fridykking for moro skuld. Eg flaut som ein kork i overflata, og klarte ikkje heilt ditta med å utlikne trykket. Vel, vel.. eg hadde det fint eg, snorklande oppe i vasskorpa.
I veke 28 arrangerte Britt og Helge (foreldra til Anders) "svigerfestival", kor foreldrene mine, med Solveig, og foreldrene til Rita kom på besøk heim til dei i Brendsdalen. Der drog vi 1,2 km med line, var på skogs-/stølstur og åt mykje god mat! Kanskje det vart litt vel mykje jegermeister for Anders og Øystein, men stemninga var på topp heile tida!:) Det var ei superduper helg!

